Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

mandag 15. juni 2009

Sur nordavind, men litt nyting likevel

Dei siste vekene har det vore sol og opplett, men likevel er det drit kaldt ute. Pågrunn av den kalde vinden. Innimellom er det litt meir vindstille så då kan ein gå rundt i hagen på oppdagelse ferd.Juni09 119 Kvite akeleier. Utruleg fine.Juni09 126 Purpurkongslys.

Juni09 134 Her er det sista nya prosjektet me held på med. Det skal leggjast skifer mellom tunet og garasjen og mellom huset og garasjen. Eg måtte berra laga eit lite blomabedd her og. Det skal stortsett berre vera stauder i beddet men dei hadde så fine pelargoniar på rimi, billige var dei og. Dei friska godt opp framfor alt da grøna. Mellom det grøna skal eg og setja ein purpuralunrot, når eg har fått tak i det.

Juni09 133

Dette er det fysta beddet eg laga då me hadde flytt inn i huset. No er det vorte frodig og tett. Løyntnanshjertet vert berre større og større. Så når den er avblomstra må den bøta med livet, for å gje plass og lys til dei andre plantene rundt han.

No må alle saman ha ein strålande kveld.

tirsdag 9. juni 2009

Inne dag, istaden for ute dag.

I dag er det surt og kaldt ute. 6 pluss og regn. Då er det jammen godt å sitja inne, fyra litt i ovnen å kosa seg med strikketøyet. No har det vore bra ver ei stund, men i dag så regnar det. Så no slappar eg av inne til eg skal på seinvakt.

IMG_2672 No er det dette eg held på med. Skal bli julapressang, viss den vert ferdig før eg vert lei. Aldri godt å veta. Jakka vert strikka i sisu frå sandnesgarn, på pinne nr.3

IMG_2673 Neste prosjekt vert denne vesten her. Også julapressang, viss eg vert ferdig.

Alle saman må ha ein fin dag om det er sol eller regn. Ingenting er tungt no når det nærmar seg ferie……Jippi.