Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

søndag 25. oktober 2009

Pulsvarmarar

 

IMG_4228Ja i dag har eg berre slappa av og strikka litt. Iallefall nesten, har vel nett sett på ei eller to vaskemaskiner med kle som og er komt på snora. Strikka har eg no gjort når maskina tok seg av vaskinga.

IMG_4233 IMG_4235 Desse pulsvarmarane er strikka i Mini Palett frå Sandnesgarn. På pinner nr 3. Fyrst strikka eg eit par, men dei vart so ulike i storleik ( hadde strikka strammare den andre). Så då var det berre å setja i gang med neste pulsvarmar, men litt ulike vart no dei og. Men det går seg vel te. Snart har eg to par med pulsvarmarar. Rimelig kjapt og grei strikking. Men kansje vanskeleg å få to heilt like. Strikkar eg mange nok, må vel nokon vera like.

IMG_4236I morgon er det på jobb på Sy og stikkebui att. Eg gledar meg.

Ha ei flott veka allesaman!!!!!

3 kommentarer:

  1. stilig garn!! eg likte fargeovergongane eg! gjer vel ikkje noko at dei ikkje vart heilt like når dei har so flotte fargar!;)

    SvarSlett
  2. Alltid kjekt å sjå alle ulike pulsvarmarar som er på bloggane, og fine er dei alle!

    SvarSlett
  3. fine pulsvarmarar i fine fargar !Eg skal strikke 3 par før jul ,men tykkjer det er vanskeleg å finne mønster.

    SvarSlett