Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

tirsdag 15. september 2009

Ein liten tur for ryggen……

  IMG_4038

Utruleg flott ver i dag. Men kva skal i gjera når ein har vondt i ryggen? Sitja i ro i ein stol, det hjelper i allefall ikkje. Så då var det berre å ta på seg skodna, og ut å gå. Ryggen kjente eg ikkje medan eg var på tur. Men eg har kjent den etter på, i tillegg til at eg no er heilt gåen i føtna…….men det går vel fortare over.

 IMG_4040 IMG_4042

Flotte fargar var det i fjellet. Blåbærlyngen var nokre stader heilt raud.

IMG_4043 IMG_4047 

Medan eg gjekk vart det fleire og fleire skyer på himmelen. Og mørkare vart dei. Så no regnar det ute.

Godt eg tok den turen…..sjølv om ryggen ikkje er så mykje betre…

2 kommentarer:

  1. Heisann!

    Takker for kommentar =)

    Det er kun tråden på dei 4 øverste bileta som blei kjøpt på sy og strikkebui =)

    Resten blei som nemt kjøpt via internett =)

    SvarSlett
  2. ein tur ut gjer alltid godt,men det var å komme seg ut av stolen då.der er eg altfor slapp !1

    SvarSlett