Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

søndag 24. mai 2009

Det går seint for tida

Lite strikking for tida. Lysta er der liksom ikkje. Det er så mykje anna eg har lyst te å gjera. Vera ute i hagen å kosa meg der. Planting og litt rydding i blomsterbed og hagedammen. I fjord sa eg til meg sjølv at, til neste år skulle eg ikkje bruka noko særleg med peng på blomstrar……. men trur de at eg klarte da då? Neidå, har allerede brukt ein tusenlapp eller litt meir, no i vår og. Vert heilt sjuk av å gå på hagesenter og å lesa i hageblada som kjem i posten kvar månad, 2 i talet. Det er mykje eg vil gjera, men eg trur eg skal prøva å ikkje byrja på noko nytt denne sommare. Heller nyta det som er ferdig og berre halda vedlike. Luke litt ugras i ny og ne.

Eg ser det at ting går litt seint med meg for tida. Eg driv på ute, ryddar litt og plantar litt. Og så plutseleg sit eg ved dammen og ser på fiskane. Slik kan eg sitja i lange stunder. Jobbar litt att og så sit eg litt att. Slik går liksom dagane……… rett og slett nyt at det ikkje er så mykje som skal gjerast.

Men litt må gjerast. I dag har eg og elste guten malt litt att. Garasjen er no nesten ferdig med fysta strøket. Vedhuset er halvferdig med andra strøket………eg må berre beundra gutungen, han er ein skikkeleg arbeidskar. Sjølv om han berre er 10 år. Han er mykje flinkare til å hjelpa til enn jentungen på 15.

Litt strikking vert det innimellom likevel, men det går seint. Eit par omgangar kvar dag, viser ikkje att.

Nei no er det leggetid snart, skal tidleg opp att i morgon…..

2 kommentarer:

  1. Er det ikke godt da? Bare gjøre det man føler for. Du trives ved fiskedammen din, da skal du sette deg der;) Kos deg videre med det du føler for å gjøre;)

    SvarSlett
  2. Hei
    Stoltzen også kjent som stoltzekleiven e i Bergen! går i frå Mulen, det er nesten berre trapper heile vegen opp.. Trim tur! Når ein er komt opp går det an å gå bort på fløyen feks.
    Kjempe fin utsikt over Bergen! Da må berre prøvast

    SvarSlett