Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

onsdag 8. april 2009

Hagedammen min

DSC00121 9 sept 08 019 I fjor sommar laga eg meg ein liten hagedam. Du og du for eit arbeid det var med utgravinga. Og når det skal gravast i tung leirjord med ein del stein i. Jaja eg var jo byrja så eg fekk no berre fortsetja. Då eg var ferdig med fyrste del og hadde fyllt vatn i dammen så var tantungane og Hallvard raske med å bada……i da kalda vatnet…….. men det vart no berre med den eine gongen. Sjølv om dei har hatt lyst seinare og………………….Men NO GLEDAR eg meg til all snøen er vekke og dammen kjem fram att. Korleis den ser ut etter vinteren vert spennande og sjå. Og når temperaturen tilseier det så skal gullfiskane ut i dammen etter å ha vore i akvariet i stova no i vinter… eg gledar meg

3 kommentarer:

  1. for ein FIN dam du har!!Sånn har eg hatt lyst på i mange år.No ser det ut til at eg kanskje får det i sommar.Har ein svigerson (nesten svigerson iallfall)som seier han vil hjelpe meg.

    SvarSlett
  2. Den så lekker ut, skjønner det må ha vært en kjempejobb. Det blir vel ikke noen badedam når fiskene kommer der vel? Vi får håpe på en brå vår;) Kos deg videre.

    SvarSlett
  3. So fint du har det i hagen.....dam og greier.
    Skjønar godt at ungane likar å bade der.....men kaldt ser det ut.....spesielt for han nærmast kamera....
    God påske til deg!

    SvarSlett